tirsdag 26. april 2016

Risør II

Ja no ligg vi fortsatt i Risør. Det har seg enkelt slik - eller enkelt var det ikkje berre..... Vi venta til ut på dagen sidan det bles kuling frå nordaust. Det var og ganske mykje sjø i går då vi nærma oss Risør. Så vi gjekk tur i den vakre sørlandsbyen, handla litt og åt på bryggen resturant. I 3-tida løyste vi fortøyningane og sette kursen til havs. Planen var å gå innaskjærs ned til Arendal. Det var fortsatt god vind og mykje sjø. Vi sette sjøbein, drakk kaffe, heldt stø kurs helt til det lukta svidd og det rauk ut av motorrommet. Sende ned lettmatrosen for å sjekke og i det same gjekk alarmen for varm motor.
Eg svinga opp mot vinden og slakka ned. Nett so mykje fart at vi hadde styring. Her var det berre minuttar før motoren ville stoppe så vi fekk ut ankeret og det tok. Så kalla vi opp Tjøme radio MAYDAY - det signalet trudde eg ikkje at eg skulle få bruk for. Oppgav kven eg var, båten sitt navn og kallesignal, kor mange vi var ombord og kva slags nød det var snakk om. Dei sende ut redningsskøyta med ein gong og vi venta ca ein halv time før dei kom. Fekk slepar ombord, men vi fekk ikkje opp att ankeret. Til sist miste vi det. Redningsskøyta slepte oss inn att til Risør. No ligg vi att med ein marina og butikken opnar kl 8 i morgon tidleg. Då skal vi få ein mekaniker til å sjå på kjølinga og kjøpe nytt anker. Deretter er det nytt forsøk på å nå Kristiansund. Denne gongen går det nok bra. Berre ein dag etter ruta.

Her ligg vi for anker og ventar på redningsskjøyta. (eg vart medlem i redningsselskapet)

Redningsskøyta returnerer til Kragerø.
Her er mannskapet på redningsskøyra etter endt oppdrag

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar