torsdag 28. april 2016

Risør IV

Berre gode nyheter idag. Var tidleg oppe og starta ringinga til butikkar og verft som kunne ha dei delene vi hadde bruk for. Fann dei i Arendal. Snakka med leiaren på Båtsenteret Risør og han lånte meg bilen sin for å dra til Arendal. Eg drog og kjøpte 3 m 3" eksosslange, eksospotte, nytt anker og 50 m 10 mm ankerkjetting. Imens hadde lettmatrosen vore i byen og kjøpt rotterumpe og fått ut den gamle potta. Vi lasta av bilen og eg leverte den. Då eg kom tilbake sto kassa med kjetting på dekket og Johannes smilte i det sjegget han raka av seg i går. Korleis hadde han klart å få ei kasse på 120 kg opp i båten åleine skal tru.....
Vi sette igang å montere og etter nokre timar innsats var vi klar til å prøve. Alt virka som det skulle. Ankeret var på plass, eksosen kom med kjølevatnet og generatoren gjekk.
Svinesteik til middag og berre smil heile kvelden. I morgon startar vi tidleg sidan vinden dreiar frå nord mot aust og sør samtidig som den aukar i styrke. Vi håper på å kome til Mandal. Kanskje blir vi liggande over ein dag der avhengig av været.

Johannes arbeidet med eksosslangen

Vakker kveldssol over byen, båten og mannskapet

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar