mandag 25. april 2016

Risør

Vi la ut frå Grimsøy marina i dag i ni tida. Nesten alt virka som det skulle - berre ein hard reset på kartplottaren, så virka den og. Litt trangt i marinaen, men baugpropeller gjer det nesten skamlaust enkelt.
Vi sto ut Singlefjorden - svinga innom svenskegrensa - berre for å ha vore der. Utafor Hvaler var det rett fram. 5 timar på kurs 255 før vi nærma oss Risør. Autopiloten gjorde jobben og kapteinen og lettmatrosen kunne slappe av. Lite vind men han sette opp litt bølger ut på dagen. Opp i 2 m då vi kom inn mot land.

Frå turen over Skagerak


No ligg vi trygt fortøyd i havna i Risør


1 kommentar:

  1. Splitte mine bramseil, detta såg kjekt ut! God tur vidare til kaptein og matros!

    SvarSlett