søndag 1. mai 2016

Egersund

Idag var vi oppe halv fire, kaffe og litt mat mens vi venta på at det skulle lysne. Ca 0430 var det lyst nok til at vi løyste fortøyningane og sette kursen ut Vestgapet sør av Kristiansand. Vi segla ut i morgonen og såg sola kome opp i aust mens havet låg med svake lange dønningar.

Opplevinga minner om Erik Bye si vise, I hildringstimen

Eg hadde eit lite håp om at vi skulle nå Tananger, men straumen sto imot og sjølv om vi gjorde 8 kn vart det berre 6,5.Vi runda Lindesnes i same fine veiret og gjekk mot Lista. Ikkje so mykje å sjå sidan vi gjekk langt ut etter anbefaling frå folk som seier ein bør halde godt klar. Etter Lista fyr kunne vi endeleg legge oss på ein kurs som gjekk nordover. No snudde straumen og farten auka, men det gjorde og sjøen. Til tross for betre fart regna vi ut av vi ikkje ville klare å gå Jæren rev opp til Tananger før det vart mørkt. Vi valde å gå mot Sirevåg som er siste hamna før revet.
Etter som vi gjekk nord-vestover auka sjøen på og vinden auka. 


 Vi såg frå meldingane at det var kuling på veg og vi gjekk mot Egersund der det er fin havn for landlege. Litt rulling vart det, Vi hadde vinden inn på skrå bakfrå. Siste to timane styrte vi manuelt og  under ser vi lettmatrosen djupt konsentrert om å halde skuta på kurs inn Søragabet mot Egersund



Her ligg vi godt belagt i gjestehavna. Den opna 1. mai og vi var gjest nr. 2


Litt slitne gjekk vi på resturant og fekk oss "dubble up". Det har vi fortjent.

I morgon blir det landlege, stramming av stag og tur på museet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar