lørdag 30. april 2016

Kristiansand II

Idag har vi lagt værfaste i sørlandets hovedstad. Eg sov lenge og godt før vi gjekk på byen og handla mat og litt verktøy som vi sakna under reparasjonane vi har hatt. Ny skøyteledning vart det slik at vi no har straum frå land og kunne varme middagen vår i microen. Det vart Fjordland i dag.
Vi fekk ikkje varmaren til å gå i går. Det viste seg at den må ha nesten kvart tank for å få diesel. Vi henta på to kanner - to gonger og da vart det nok. Skal fylle før vi går i morgon.
No er det varmt og godt og vi skal til å legge oss. No har vinden løya og vi går så snart det lysnar av dag. Planen er å gå til Tananger før vi fortøyer i morgon kveld.

Vakkert i havna i Kristiansand

Lettmatrosen får ikkje nok trening Tur med fulle dieselkanner hjalp litt


fredag 29. april 2016

Kristiansand

Endeleg i dag tidleg ca 0730 gjekk vi frå eit ufrivillig opphald i Risør. Været var fint og sola varma opp teltet over cockpiten. Motoren og alt anna teknisk virka fortsatt som det skulle. Vi gjekk ut i leia og sette kursen sørvestover. Det låg eit regnveir i vest og etter Torungen fyr kom regnet og med det meir vind. Sjøen auka på, men vinden minka noko etterkvart. Sjøen heldt seg og vi slo frå oss å gå vidare til Mandal. Det vart Kristinasand. En kamerat frå langt tilbake, Jan Myklebust, kom innom og prata. Vi har hatt mange turar med flugestang i Nidelva og fjellvatn i Trøndelag. Veldig kjekt.
I morgon blir det landligge. Vi vil i alle fall vente til vinden en nede på bris før vi går vidare. Tur på byen og anna kos. Skal i alle fall sove litt lenger...... Har ikkje sove middag på mange dagar.


Skipperen i avslappa posisjon for autopilot

torsdag 28. april 2016

Risør IV

Berre gode nyheter idag. Var tidleg oppe og starta ringinga til butikkar og verft som kunne ha dei delene vi hadde bruk for. Fann dei i Arendal. Snakka med leiaren på Båtsenteret Risør og han lånte meg bilen sin for å dra til Arendal. Eg drog og kjøpte 3 m 3" eksosslange, eksospotte, nytt anker og 50 m 10 mm ankerkjetting. Imens hadde lettmatrosen vore i byen og kjøpt rotterumpe og fått ut den gamle potta. Vi lasta av bilen og eg leverte den. Då eg kom tilbake sto kassa med kjetting på dekket og Johannes smilte i det sjegget han raka av seg i går. Korleis hadde han klart å få ei kasse på 120 kg opp i båten åleine skal tru.....
Vi sette igang å montere og etter nokre timar innsats var vi klar til å prøve. Alt virka som det skulle. Ankeret var på plass, eksosen kom med kjølevatnet og generatoren gjekk.
Svinesteik til middag og berre smil heile kvelden. I morgon startar vi tidleg sidan vinden dreiar frå nord mot aust og sør samtidig som den aukar i styrke. Vi håper på å kome til Mandal. Kanskje blir vi liggande over ein dag der avhengig av været.

Johannes arbeidet med eksosslangen

Vakker kveldssol over byen, båten og mannskapet

onsdag 27. april 2016

Risør III

Ja vi ligg fortsatt i Risør havn ved Holmen verft.
Skaden etter gårsdagen var verre enn vi trudde. Vi blåste først ut innsuget av sjøvatn og skifta impeller. Starta motoren og då virka kjølinga slik den skulle. Det var berre eit problem - det kom fortsatt ut eksos i motorrommet og kjølevatnet kom ikkje ut eksosen slik det skal. Vi skrudde ned og oppdaga at eksospotta var ødelagt, smelta ned. Den er faktisk i PVC. Ny vart bestilt frå verftet i Frankrike, men det tek nok si tid før den kjem......
Imens må vi finne ei løysing som kan fungere. Ein del telefonar rundt til fagfolk og så sette vi igang med å få den ødelagte eksospotta ut. Det var verre enn vi trudde. Den hadde smelta ned slik at den ikkje gjekk ut av holet. Trangt og fælt- vi saga plastik med eit baufilblad i fleire timar, men enno har vi ikkje fått den ut. I morgon tidleg er det på byen og kjøpe skikkeleg sag, og hvis det ikkje er nok blir det elektrisk bajonettsag. Imens reiser eg til Arendal for å få tak i ei eksospotte og nytt anker og 50 meter kalibrert 10 mm kjetting. Kanskje er lettmatrosen ferdig med å få ut den gamle før eg kjem att. Så må vi kanskje renske varmevekslaren for restar av impellaren. Skal snakke med fagfolk her i byen som har service på Yanmar (motoren)
No i kveld skulle vi etter planen vore i Egersund. Vi ligg to døgn etter planen og kanskje går heile morgondagen med før vi er klar for ny avgang.
Det vert sagt at det er to lukkelege øyeblikk i ein båteigars liv. Det er når han kjøper den - og så når han sel den.
Ein ting er i alle fall sikkert - det er ingen er heller ville hatt med på denne turen enn akkurat svoger Johannes Havro. Ein kald fisk med eit varmt hjarta og eit vell av praktisk erfaring. Har reparert det meste før av ting som kan gå sund......
Har ikkje tatt tid til noko fotografering idag.
Meir og bedre meldingar i morgon.

tirsdag 26. april 2016

Risør II

Ja no ligg vi fortsatt i Risør. Det har seg enkelt slik - eller enkelt var det ikkje berre..... Vi venta til ut på dagen sidan det bles kuling frå nordaust. Det var og ganske mykje sjø i går då vi nærma oss Risør. Så vi gjekk tur i den vakre sørlandsbyen, handla litt og åt på bryggen resturant. I 3-tida løyste vi fortøyningane og sette kursen til havs. Planen var å gå innaskjærs ned til Arendal. Det var fortsatt god vind og mykje sjø. Vi sette sjøbein, drakk kaffe, heldt stø kurs helt til det lukta svidd og det rauk ut av motorrommet. Sende ned lettmatrosen for å sjekke og i det same gjekk alarmen for varm motor.
Eg svinga opp mot vinden og slakka ned. Nett so mykje fart at vi hadde styring. Her var det berre minuttar før motoren ville stoppe så vi fekk ut ankeret og det tok. Så kalla vi opp Tjøme radio MAYDAY - det signalet trudde eg ikkje at eg skulle få bruk for. Oppgav kven eg var, båten sitt navn og kallesignal, kor mange vi var ombord og kva slags nød det var snakk om. Dei sende ut redningsskøyta med ein gong og vi venta ca ein halv time før dei kom. Fekk slepar ombord, men vi fekk ikkje opp att ankeret. Til sist miste vi det. Redningsskøyta slepte oss inn att til Risør. No ligg vi att med ein marina og butikken opnar kl 8 i morgon tidleg. Då skal vi få ein mekaniker til å sjå på kjølinga og kjøpe nytt anker. Deretter er det nytt forsøk på å nå Kristiansund. Denne gongen går det nok bra. Berre ein dag etter ruta.

Her ligg vi for anker og ventar på redningsskjøyta. (eg vart medlem i redningsselskapet)

Redningsskøyta returnerer til Kragerø.
Her er mannskapet på redningsskøyra etter endt oppdrag

mandag 25. april 2016

Risør

Vi la ut frå Grimsøy marina i dag i ni tida. Nesten alt virka som det skulle - berre ein hard reset på kartplottaren, så virka den og. Litt trangt i marinaen, men baugpropeller gjer det nesten skamlaust enkelt.
Vi sto ut Singlefjorden - svinga innom svenskegrensa - berre for å ha vore der. Utafor Hvaler var det rett fram. 5 timar på kurs 255 før vi nærma oss Risør. Autopiloten gjorde jobben og kapteinen og lettmatrosen kunne slappe av. Lite vind men han sette opp litt bølger ut på dagen. Opp i 2 m då vi kom inn mot land.

Frå turen over Skagerak


No ligg vi trygt fortøyd i havna i Risør


søndag 24. april 2016

Klar til avgang

No er alt lasta ombord og vi er klar til avgang.


Hver er Pebe komen for å hente bilen il oslo..vi hat ete vårt første måltid i salongen. Det blir mange før vi er framme. I morgon tidleg startar vi på første etappe.

torsdag 21. april 2016

Ventetid

Fordkjellen på gutar og menn er berre prisen på leiketøyet. Eg for min del kjenner at eg gler meg- ja som ein unge, på at helga skal kome og eg kan ta fatt på fyrste etappe av turen. SY Tutti skal i Almenningen. Der skal ho ligge i solnedgangen.




søndag 17. april 2016

Meir segling

I dag var det berre segling på kurset til Florø seilforening. Vi la ut frå Furuholmens ca 12 og segla vestover i nydeleg sol og ein lett bris frå nordvest. Vi gjekk opp Nekkøysundet og ut Hellefjorden - heilt ut i havet sør om Frøyskjæra. Vinden friska på etterkvart. Vi gjekk forbi Kvannhovden og inn i Frøysjøen. Gjennom sundet Mellom Hovdeneset og Kroksøyna fekk vi kjenne på fallvindane frå Hovden. Vi gjekk mot Botnane og svinga så sørover langs Seljestokken, Årebrotet og gjennom Furesundet. Det var friskt. Vinden hadde dreia til sørvest. Uansett var det ein strålande tur.
Mykje å lære om trimming av segl. Den båten vi segla har lik rigg med Tutti. Eg saug til meg som ein svamp. Her var erfarne regatta seglarar med og kunnskap og gode råd sat laust. Om ei veke er det laust på eiga hand.....


lørdag 16. april 2016

Seglkurs

Florø seilforening arrangerer kurs for voksne. I år var vi 6 deltakarar og ein av dei var meg. Unødvendig, nei. Mykje å lære. Kursleiaren har lang erfaring med å segle regatta.
Fredag kveld var det teori. Laurdag var det meir teori fram til lunch. Etterpå tok vi ein av båtane ut på praktisk trening i fjorden sør for Florø. Vestleg vind ca 10 knop og vi fekk prøve oss vekslende som styrmann, på styrbord og babord genoaskjøte og på storseglet. Vi kryssa, bauta, jibba og sløra for styrbord halser. Platt lens tilbake til Furuholmens marina.
Eg har både vore mannskap og segla sjølv, men her var mykje praktisk og nyttig kunnskap å hente som gjev trygghet på korleis ein skal trimme segl i ulike vinkler i forhold til vinden.
I morgon er det segling igjen. Tur rundt Hovdelandet.




torsdag 14. april 2016

Sjøsetting

Idag er dagen eg har venta på. Tutti "gjekk av stabelen", eller rettere sagt, vart sjøsett etter månader på land i frost og kulde. Det skal store greier til når ein skal heise opp og flytte på 9 tonn båt.


No ligg Tutti belagt (fortøyd) ved flytebrygga i Grimsøy marina. Søndag 24. kjem vi for å segle deg heim. Meir om det seinare.