søndag 8. mai 2016

Balejazz

Etter ei god natt søvn drog vi frå Leikanger fredag ettermiddag utover fjorden til Vangsnes der Geirmund og Henni venta. Saman drog vi så over fjorden til Balestrand og fortøyde ved gjestebrygga. Det vart konsertar, turar, mat og drikke med slekt og nye og gamle vener både på land og i båten.

Geirmund og Henni i cackpit

Kvikne Hotel


torsdag 5. mai 2016

Leikanger

Endeleg er turen over. Tutti ligg no vel fortoyd ved gjestekaien i Leikanger.
Stri torn fra Bergen idag. Starta kl 0800. Da gjekk matrosen fra borde og tok bussen til Valdres.
Eg tok til pa den lange turen, over 100 mil med sonnavind av varierande styrke. Verst over Fensfjorden.
I morgon skal eg sove litt lenger for vi hentar Geirmund og Henni pa Vangsnes kl halv fem. Sa seglar vi til Balestrand til Jazz og kos heile helga.


Tutti pa veg inn i gjestehamna pa Leikanger


onsdag 4. mai 2016

Bergen

No kjenner eg at eg er komen heim att. Sørlandsbyane er vakre på sin måte, men ingenting er som Bergen. No litt Tutti innerst i Vågen godt fortøyd og med fulle tankar - klar for siste etappe som går til Sogn og Balejazz i Balestrand i helga. Henter Geirmund og Henni (bror og svigerinne) på Vangsnes fredag ettermiddag.
Turen gjekk fint idag. tarta frå Haugesund 0730 og var i byn kl 1630 - ein time før ruta. Vi hadde god sørleg frisk bris heile vegen. Gjekk over Sletta og inn mellom Stord og Bømlo opp til Selbjørnsfjorden. Der gjekk det mot aust og vi sette segl. I nokre kast av kuling var vi oppe i 10 kn. Etter ankomst i Bergen kom Torgeir og Iselin ombord og vart lenge. Iselin og bestefar fekk kosa skikkeleg og ho fekk fortelje frå tur til Kreta og til USA. Anne Marie kom innom ei stund og tok med Iselin heim. Torgeir vart igjen og vi heldt rituell avdrikking av Hansa øl med bamsemoms til. Matrosen og kapteinen var deretter på Long Horn Steak house og åt entrecote og indrefilet før vi gjekk tur langs bryggene berre for kosen.
I morgon kl 0800 tar matrosen heim til Valdres og eg startar turen nordover til Sogn. Med vinden i ryggen håpar eg å kome heilt til Leikanger der nokon ventar.....















Vi møtte både danskebåten og Statsraaden på veg inn til Bergen



Lille speil på veggen der, hvilken båt er vakrest i Bergen her....


Deilige Iselin i bestefar sin vest, lue og med kikkert.

tirsdag 3. mai 2016

Haugesund

Strålande dag har vi hatt. Gjekk frå Egersund kl 0730 i fint vær og ganske roleg sjø. La til havs med kurs godt klar av Jæren rev. Dønningane var lange og vinden sto på vest med ca 4 ms. Litt sør for Revtangen fyr auka vinden på og vi sette segl. Farten auka og båten låg som eit skjær i sjøen. Vi segla  heilt opp til Karmsundet og gjekk så inn til kaia like nord om brua over til Risøya.
Hadde kontakt med søskenbarn Harald litt tidlegare på dagen og han kom ned på kaien mellom vaktene på sykehuset. Johannes laga middag til oss. Svinesteik med poteter og fløytesaus. Eg sov middag fram til Harald kom igjen og tok oss med til kvelds i heimen borte med Haraldshaugen. Veldig kjekt.
No har lettmatrosen gått å legge seg og eg er snart klar eg og. I morgon går vi kl 0700 og satsar på å være i Bergen kl 1700

Fin vind frå Revtangen fyr til Karmsundet

Ved kaia i Haugesund

Koseleg besøk til kvelds hos Harald og Gerd Berit





mandag 2. mai 2016

Egersund II

Idag har det vore det vi kallar driveri. Kuling og regn med landlege i Egersund.
Eg vakna i natt av ein ekkel hoste og lukt. Det lukta diesel i lugaren. Eg settte opp dør og vindu og sov vidare. Etter frukost var det til å leite etter kor dette kunne kome frå. Vi fann det - under benken oppe i cockpit. Reservekanna med diesel hadde leke og dette rann ned i ein brønn som ligg rett over hodeputa mi. Kanna vi kjøpte i Kristiansand var ikkje tett og ca ein liter hadde runne ut. Ikkje berre det - ei kopling bak lensepumpa lek og og sette vi igang pumpa spruta det vatn ut og ned i denne brønnen. Denne usalige blandinga av sjø og diesel var det som draup ned til meg i natt. Lensepumpa var nok frostsprengt og vi kopla den ut og monterte slangane saman. Brukte hevert og drenetre brønnen. No er alt tett, men litt diesellukt kan nok henge igjen i kaptainens lugar.
I løpet av natta gir veiret seg og vi tek laus kl 0800 i morgon med kurs for Haugesund. Veiret skal bli fint og vinden makeleg. Eg gler meg.


Kapteinen som er minst, demonterer lenepumpe i stuerommet i cockpit.

søndag 1. mai 2016

Egersund

Idag var vi oppe halv fire, kaffe og litt mat mens vi venta på at det skulle lysne. Ca 0430 var det lyst nok til at vi løyste fortøyningane og sette kursen ut Vestgapet sør av Kristiansand. Vi segla ut i morgonen og såg sola kome opp i aust mens havet låg med svake lange dønningar.

Opplevinga minner om Erik Bye si vise, I hildringstimen

Eg hadde eit lite håp om at vi skulle nå Tananger, men straumen sto imot og sjølv om vi gjorde 8 kn vart det berre 6,5.Vi runda Lindesnes i same fine veiret og gjekk mot Lista. Ikkje so mykje å sjå sidan vi gjekk langt ut etter anbefaling frå folk som seier ein bør halde godt klar. Etter Lista fyr kunne vi endeleg legge oss på ein kurs som gjekk nordover. No snudde straumen og farten auka, men det gjorde og sjøen. Til tross for betre fart regna vi ut av vi ikkje ville klare å gå Jæren rev opp til Tananger før det vart mørkt. Vi valde å gå mot Sirevåg som er siste hamna før revet.
Etter som vi gjekk nord-vestover auka sjøen på og vinden auka. 


 Vi såg frå meldingane at det var kuling på veg og vi gjekk mot Egersund der det er fin havn for landlege. Litt rulling vart det, Vi hadde vinden inn på skrå bakfrå. Siste to timane styrte vi manuelt og  under ser vi lettmatrosen djupt konsentrert om å halde skuta på kurs inn Søragabet mot Egersund



Her ligg vi godt belagt i gjestehavna. Den opna 1. mai og vi var gjest nr. 2


Litt slitne gjekk vi på resturant og fekk oss "dubble up". Det har vi fortjent.

I morgon blir det landlege, stramming av stag og tur på museet.