tirsdag 21. juni 2016

Tur til Stryn i morgen

Bryllaupet til Andrea og Eirik er til helga og eg nyttar høvet og seglar frå Sogn til Stryn. Avgang onsdag kl 1500 frå Leikanger. Gler meg.


Kaffemaskina er montert

onsdag 1. juni 2016

Pinsetur

Pinsehelga var nydeleg. Etter nokre dagar på Lunde gjekk turen til Leikanger der Tutti ligg trygt i havn. Har fått leige ein båtplass av nokon som først skal hente båten sin i slutten av juni.

Vi delvis segla og gjekk litt for motor inn fjorden. Langs land på sørsida. Vinden var råsete og litt ekkel.

Mykje fint å sjå - frå den tida då fjorden var ferdsleåra og vegutløysing var ikkje i ordlista.


Hovedhuset på Frønningen


Ved kai i Kaupanger


På morgonen 17. mai stillte folketoget opp på kaien i Kaupanger 
og vi åt frukost til hornmusikk og nasjonalsang